Leikanger = mykje leik, lite anger....
Fruktbare dagar 2010: 25.9-3.10.
Torgdagen vert laurdag 2. oktober.
Torgdagen 2009: Suksess i dårleg ver.
Torgdagen starta med regn og vind og teltsal utandørs måtte avlysast. Men takka vere Saften som kunne husa alle torgseljarane, unnateke dei med frukt og grønsaker pluss Jakt- og fiskelaget med grilling, vart det kjempegode forhold for ein god torgdag likevel. Og forretningane i Saften let vel over auka omsetnad også.
Visjonsmøte laurdag 2. oktober kl 14.30 - Kultursalen.
Når dagane er fruktbare betyr det føde til visjonane og. Difor er det alltid visjonsmøte den første laurdagen i oktober. Denne gongen i regi av Opplev Leikanger, den nye organisasjonen for heile kommunen. Programmet for møtet ser slik ut: Visjonsm_tet.doc
Lena Skjerdal Trio - lanseringskonsert.
Fredag 2. oktober får Leikanger sin nye kultursal i Saften fint besøk: Lena Skjerdal med musikarane Magne Thormodsæther på bass og Erik Håkon Halvorsen på piano. Trioen har nyleg gitt ut CD-en "Home", som har fått svært gode kritikkar. Meir her: Omtale_Lena_Skjerdal.doc
Billetter kan kjøpast på Essoen (kontant betaling - ikkje med kort) eller ved inngangen.
Foto av Lena: Oddleiv Apneseth.
Plant ein lauk.
Opplev Leikanger planlegg ein ny vår og oppfordrar alle systrendingar til å planta ein lauk i parken. Det vert 2156 laukar - som alle skal blomstra til våren!
Lauk vert å få kjøpt på torget.
Kurs med Kari Støfringsdal.
Råsafting, hermetisering og tørking av frukt vert tema når Kari kjem til Fruktbare dagar. Påmelding kurs: einar@leikangernh.no Kursavgift 300 kroner - maks 20 deltakarar.
Leikanger har fått nytt sentrum - og ny arena for torget.
Torgdagen vert laurdag 3. oktober og tida er inne til å tinga torgplass. Torghandelen vert i telt utanfor Saften og plass kostar 300 kroner.
Etterlysing: har du lagt sider?
Sider er rein vare utan anna tilsetning enn sukker (som regel). Har du lagt sider i år, må du ta med ei prøveflaste til torget og delta i siderkonkuransen!
Dommarane treng mange flasker for å vurdera kvaliteten på siderproduksjonen i Sogn. Det vankar heider og ære til vinnaren..
Fruktbare dagar ei veke til endes!
Lena Skjerdal trio - torg - kunstutstillng - kyrkjekonsert - barnetime - haustkveld - pubquiz - visjonsmøte...
Skriv ein ny systrondssong - eller Songen om Leikanger!
Me har frå før ein artig song om Fruktbare dagar som du finn i menyen over. Det finst og ein del songar som lovpriser Leikanger, men desse er gamle og me treng rett og slett ein ny song om Leikanger av i dag. Set deg ned og skriv ein til oss! Du treng ikkje tenkja på kva tone den skal ha, den kan me leita etter når songen er klar. Kanskje skal me óg få laga ein ny tone? Ein god song treng sin eigen tone.
Tek du utfordringa og sender ein heilt ny song til oss, vert me glade. Send songen til einar@leikangernh.no
NB: Teksten må vera på nynorsk.
Fint døme på Fruktbare Leikanger
Foto: Mona Steinsland

Smaking på pæresotar framstilte på Njøs. Johannes Hamre og Stein Harald Hjeltnes.
Innlevert sider til konkurransen i bakgrunnen.
Håkon Nesse klaga på sidevind. NM i
Resultatliste NM i plomesteinspytting: NM_i_plomesteinspytting_08.xls
Program 2009 program_09.pdf
Program 2008 program_08.pdf
Program 2007 program_07.pdf
Program 2006 program_06.pdf
Film frå NM i plomesteinsputting 2006:
http://www.asken.no/film/id21.htm
Fruktbare dagar er ein aktivitet under stiftinga Norsk Fruktmuseum, 6863 Leikanger.
Kontakt: Einar Skram Husabø - einar@leikangernh.no - tlf 900 63 355
Fruktprinsessa kjem kvar haust
for å syna den rike avlinga
etter gode krefter
i og utanfor
oss

Det blå treet.